Page 1 of 1

Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 21 Aug 2014 19:55
by huffameg
Eg er heilt ny til motorsykkelverda og sit no med ein Honda CB750C frå 1982. Den har vore heilt perfekt og går som ei klokke, men i det siste har eg oppdaga ein ulyd som eg har problem med å identifisere, og lurte på om nokon har innspel til korleis ein skikkeleg fersking som meg kan sjå på det.

Eg kan skildre problemet best ved å seie at det er ei form for host eller slag i motoren som kjem når eg aksellererer på lågt turtal. Med andre ord er det ikkje noko ulyd når sykkelen går på tomgang, og eg høyrer ikkje noko til den når turtalet kjem over 3000. Lyden forsvinn òg heilt når eg ikkje aksellerer (t.d. triller). I byrjinga høyrde eg det berre i 2 og 3 gir, og då var det ein rytmisk lyd som gjekk raskare etterkvart som turtalet gjekk oppover, før lyden forsvann, men dei siste dagane har det blitt meir urytmisk, og kjem inn på alle gira. Ein annan detalj som kan vere interessant er at eg har vore ute på eit par turar no der det ikkje er noko ulyd i det heile, men så kjem det attende etter litt eller neste tur. Eg tykkjer det er ganske vanskeleg å forstå kva det kan vere, men eg har jo veldig lite peiling.

For å illustrere fann eg denne videoen:
Men det er ikkje heilt likt som denne. Lyden kjem mykje meir spreidd og isolert, ikkje på tomgang, og berre ved aksellerasjon.
Fram til no sjenerer det ikkje køyringa, det har ikkje gått utover trekkrafta og motoren stoppar ikkje, men eg lurer på kva det er og om det er noko eg lyt uroe meg for.

Eg vonar nokon kan hjelpe!

Re: Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 21 Aug 2014 21:05
by supermons
Kan være kamkjedestrammer?

Høres det ut som dette:

[youtube]2hIqiDTJxIE[/youtube]

De automatiske har det med å gi seg etter en stund, en ide kan være å bytte til en manuell en. Ebay og utenlandske sider burde ha tilgjengelig, da under navnet "cam chain tensioner".

Re: Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 22 Aug 2014 10:26
by huffameg
Eg såg den videoen, og det kan vere det liknar litt, men lyden er meir distinkt, og det er som sagt ikkje spor av den når eg køyrer på tomgang eller når eg ikkje aksellererer, så eg har litt problem med å tenkje at det er det same. Men eg veit lite om korleis kamkjedet fungerer.

Re: Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 22 Aug 2014 12:25
by supermons
Kamkjedet er festet i "motoren" og går rundt den og kammen(e), og driver dermed kammene/ventilene. Det er en egen kamkjedestrammer som dytter en skinne mot dette kjedet så det holder seg passe stramt. Om denne ryker/ikke er justert vil du få en raslelyd. Denne er kun under belastning. Så for min del høres det ut som det er kamkjedestrammeren.

Google det for bilde/video av hvordan det fungerer, så blir det nok litt klarere enn hva jeg klarer å forklare :)

Re: Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 22 Aug 2014 17:33
by huffameg
Eg har leita litt rundt og finn lite som liknar heilt, men det kan godt vere du har rett. Er det kompatibelt med at det plutseleg kan vere køyreturar det ikkje er lyd i det heile?

Er dette noko som hastar å fikse? Og er dette noko eg gjer på eiga hand, eller må den inn på reparasjon? Er det snakk om ein dyr operasjon?

Re: Host eller slag i motoren på lågt turtal

Posted: 25 Aug 2014 10:34
by supermons
Jeg fikset det selv på min 98' GSXR, og vet mange andre også har gjort det selv. Om det haster eller ikke kommer litt an på lyden, men hvis den nettopp har kommet så haster det nok ikke så mye.

For min del kjøpte jeg en manuell strammer av merket APE, men jeg finner ingen som det står for årgang 1982 på CB750. Er noen linker til instruksjoner der, så du kan jo ta en titt og se om det er noe du tror du fikser selv i høst/vinter.