Ymse problem, 1998 Suzuki GSX-R600

Trenger du hjelp til mekking, tips til deler, spør her.
Post Reply
Papi
Posts: 12
Joined: 04 Jun 2013 21:29

Ymse problem, 1998 Suzuki GSX-R600

Post by Papi »

Eg har en sykkel med nokre småproblem, det er ein 1998 Suzuki GSX-R600.

Når den er kald, kan eg ha problem med å starte den, den kjinnar, men den tek ikkje tak før etter ein god del prøvingar. Då står den i nøytral, med bensin.

I går køyrte eg eit stykke, rundt ein mil, sette frå meg sykkelen, og skulle starte den ein times tid etterpå. Eg gjekk ut, og skulle starte med start-knappen, og det kom berre eit lite "knepp", som om den starta, men ikkje ville drage rundt. Den starta omsider, men det verka som om den sleit med å "gå rundt", før den etter nokre frustrerande minutt endleg tok, og starta.

Då eg omsider hadde fått start på den, og begynt på vegen heimatt, etter nokre minutt (fem minutt), stoppa motoren å gå. Om det var straumbrot veit eg ikkje, men plutsleg var berre turtalet på null. Eg tok inn clutchen, og starta med startknappen i fart. Dette skjedde to gonger på kort tid.

I tillegg har eg merkja, at når eg køyrer, og gjer gass, hender det at sykkelen "heng seg opp", at den "staller" på rundt fem til sju tusen omdreiningar, misser litt kraft, før den tek tak att. Dette skjer også når den står i fri, og eg rusar den. Den kan "halde" ein liten stund, før den då dreg på turtal.

Nokon som har nokon innspel å kome med her? All hjelp vert verdsett. Forøvrig er det nyleg skifta pluggar og luftfilter av førre eigar.
Papi Media Productions @ Youtube

http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

I <3 CAKE.
User avatar
supermons
Administrator
Posts: 6263
Joined: 18 Nov 2005 17:32
MC: Suzuki GSX750
Location: Hovedstaden

Re: Ymse problem, 1998 Suzuki GSX-R600

Post by supermons »

Jeg tipper batteriet. Sjekk at det lader ordentelig, og hvis den lader som den skal ville jeg byttet selve batteriet. Sjekk lading ved å bruke multimeter.


Usikker på hvor smart det er å kjøre starteren i fart? Du kan jo bare starte den på giret (akkurat som å trille den igang).
Trond_V
Posts: 784
Joined: 07 Apr 2008 23:24
MC: 23' BMW F750GS
20' Honda CB650R
18' Suzuki SV 650
12' Yamaha FZ8-S
15' Yamaha MT-07
07' Yamaha FZ6
01' Suzuki Bandit 600

Re: Ymse problem, 1998 Suzuki GSX-R600

Post by Trond_V »

kanskje batteriet er en synder, men tror ikke bare det som trøbler. utfra det du skriver, virker det som om det er noe relatert til choke/kaldstart.
kjenner ikke til gsxr, og dens oppbygging, men virker som den har problemer med å vite når motor er varm og kald.
Post Reply